Om oss
Praktisk
Eventer
kort og medlemsskap
Gavekort
Velkomen til Heit Eidfjord!
Badstove med spektakulær utsikt heilt i sjøkanten i flotte Hardanger!
Bestill her ↓
Badstova i Eidfjord
Ideen bak badstova er enkel: skape ein stad der folk kan roe ned, bli varme og ta eit bad i fjorden – året rundt. Badstova er open for både lokalbefolkning og besøkande, og målet er at dette skal vere ein naturleg møteplass i bygda.
Konseptet er inspirert av den nordiske badstovetradisjonen: varme, kulde og natur tett på kroppen. Ein time i saunaen kan vere alt frå ei roleg stund åleine, til ein sosial møteplass med venner eller familie.
Badstova kan bookast privat eller brukast saman med andre i fellestimar.
Velkomen inn til ei varm oppleving!
Første gang?
-
Må eg bestilla på førehand?
Ja! Alle timar (felles og private) må forhandsbestillast via nettsida. Drop-in er ikkje tilgjengeleg.Kva bør eg ta med?
Ta med to handklede (eit til å sitje på og eitt til å tørke deg med), vassflaske, og ver klar til bad i sjøen. Eigne fasilitetar for både innandørs omkleding og utandørs dusj. Kan vere ein fordel å bruka badesko når du skal bade.Kvar finn eg garderobe?
Unisex skifterom finst ved badstova.Kan eg ta med alkohol?
Nei. Det er ikkje tillate med alkohol i badstova.Korleis kjem eg meg hit?
Badstova er lokalisert på Kråkeskarvet, om lag 1 kilometer frå sentrum i retning Simadalen.Drikkevatn
Drikkevatn finn du på bygg ved badestranda. Her fyller du og på vatn til bøtta i badstova. Bruk kun ferskvatn på omnen, aldri sjøvatn!Bading
Bading skjer alltid på eige ansvar. Vi kan ikkje garantere noko når det gjeld vasskvaliteten, då denne kan variere etter vêrmessige forhold.Parkering
Offentleg parkering er tilgjengeleg på oppmerka plassar.Kva er avbestillingsreglane?
Privat badstove
Meir enn 24 timar før – full refusjon (minus 75 kr)
Mindre enn 24 timar – inga refusjon
Fellesbadstove
Meir enn 24 timar før – full refusjon (minus 25 kr)
Mindre enn 24 timar før – inga refusjon
Du avbestiller via lenkja i stadfestings-eposten.
Fasilitetar: Elektrisk sauna, Unisex garderobe, Sjøbad, Stupebrett
Opningstider:
Kvar dag 06:00 - 22:00
Opplevelsar og aktivitetar
Frå aufgussritual til bedrifts- og gruppebestillingar med ein ekstra vri!
Ønskjer verksemda di å betale med faktura? Det går heilt fint, ta kontakt på post@heiteidfjord.no
Hald deg oppdatert på arrangement og aktivitetar på Instagram.
Kort og medlemskap
10 Klippekort
700,- NOK
Klippekort - gjeld for fellestimar og aufgusstimar. Kortet er ikkje personleg. Gyldig 6 mnd.
Medlem 30 dager
399,- NOK
Gyldig i 30 dager, gjer deg max 20 besøk og er personleg. Kun 1 billett kan nyttas i kvar time.
Medlem 365 dager
3990,- NOK
Gyldig i 365 dager, gjer deg opp til 20 besøk i mnd. og er personleg. Kun 1 billett kan nyttas i kvar time.
Gi ein Heit opplevlese i gåve!
Gåvekort
Valfritt beløp
Gåvekortet er gyldig 1 år. Kan ikkje kombineras med klippekort og månadskort.
Heit Eidfjord
Simadalsvegen
5783 Eidfjord
post@heiteidfjord.no
Tlf: +47 46 52 99 32
Opningstider
Kvar dag
06:00 - 22:00
Følg oss