Om oss
Praktisk
Eventer
kort og medlemsskap
Gavekort
Velkomen til Heit Grimo!
Nyt eit friskt fjordbad og ein dampande sauna med utsikt til fjord og fjell.
Bestill her ↓
Badstova på Grimo i Hardanger
Heit Grimo Sauna finn du i Sørfjorden i Hardanger på strekningen mellom Odda og Utne. Grimo Sauna er eit sjølvbetjent tebod som ligg på kaien i Grimo. Saunaen vil vera ferdig oppvarma og klar til bruk ved ankomst. Saunaen har kapasitet til 9 personar og nyttar elektrisk fyring.
Første gang?
-
Pakkelista
Når du skal besøka heit Grimo må du ha med deg 2 stk. handkle, eit til bading og eit til å sitje på i saunaen. Ta med Badetøy og gjerne ei drikkeflaska med vatn. Det kan vera lurt å ha med ein pose til blaute badeklede.Snacks
Det er fort gjort å verte småsvolten etter bading, så ta gjerne med deg ein liten matbit. Men innta maten din utanfor saunen. Det er av hygieniske årsaker ikkje lov med mat inne i saunaen. Bruk søppelspann til eventuelt avfall.Alkohol
Dersom det er ynskjeleg å ta med alkohol, er det sett ein begrensing på to enheitar. Dette handlar om din sikkerheit som gjest hjå oss. All bading og bruk av badstu er på eige ansvar.Aldersgrense
Me har ingen aldersgrense, men born må vera i fylgje med ein vaksen.Ved ankomst
Heit Grimo sauna er eit sjølvbetjent tebod. Saunaen vil vera ferdig oppvarma og klar til brukt ved din ankomst. Kom i god tid før timen. NB! Merk deg at tidspunktet for ditt opphald inkluderar tida du brukar i garderoben før og etter.
Ved ankomst parkerer gjester som kjem med eigen bil på parkeringsplassen med kaien. Det er og mogleg å legge til med båt.Fasilitetar
Heit Grimo har ein garderobe kor du kan skifta om og oppbevara personlege eigendelar. Toalett er tilgjengelig i butikkbygget og utedusj finner du på utsiden av saunaen. Utedusjen er utstyrt med kran, denne nytter ein til å fylle opp badstubøtta og drikkeflasker.Saunaen
Sjølve saunaen står plassert i nord-enden på kaien med fantastisk utsikt utover fjorden. Me vil tilrå eit friskt fjordbad saman med saunaen for ei revitaliserande oppleving! Saunaen har kapasitet til 9 personar.Avbestilling
Om du må avbestilla får du 100 % av summen refundert ved avbestilling før 48 timar. Ingen refusjon ved avbestilling mindre enn 48 timar før. Ynskjer du å endra tida så fiksar me det utan problem.Nyt opplevinga
Len deg tilbake og nyt stunda. Ta inn fjorden og fjella. Dette er di stund! Dette er fjorden Baby!
Fasiliteter: Elektrisk badstove, Unisex garderobe, Sjøbad, Badetrapp, Utendørs dusj, Toalett
Åpningstider:
10:00 - 22:00 kvar dag
Opplevelser og aktiviteter
Ved saunaen finn du daglegvarebutikk og parkering, også for bobilar. Det er og mogleg å leggje til med båt langs kaien.
Del opplevinga med oss på sosiale media @Heitgrimo #Heitgrimo #Heitsauna
Gi ei Heit opplevelse i gåve!
Gåvekort
Diverse beløp
Gåvekortet er gyldig 1 år.
Åpningstider
10:00 - 22:00 kvar dag