Om oss
Praktisk
Eventer
kort og medlemsskap
Gavekort
Velkomen til Heit Vik!
Badstover med spektakulær utsikt heilt i sjøkanten i fagreVik i Sogn!
Bestill her ↓
Badstovene i Vik
Ideen bak badstovene er enkel: skape ein stad der folk kan roe ned, bli varme og ta eit bad i fjorden – året rundt. Badstovene er opne for både lokalbefolkning og besøkande, og målet er at dette skal vere ein naturleg møteplass i bygda.
Konseptet er inspirert av den nordiske badstovetradisjonen: varme, kulde og natur tett på kroppen. Ein time i saunaen kan vere alt frå ei roleg stund åleine, til ein sosial møteplass med venner eller familie.
Velkomen inn til ei varm oppleving!
Tønnao ved Strandpromenaden
Vedfyrt sauna rett på fjorden.
Her er det plass til 6 kjempegode venner, 4 bekjente eller 2 som berre såvidt toler trynet på kvarandre.
Må tingast minst to timar før timen, eller så kan ein fyre sjølv så er det varmt på ein time.
Kuben, Vangsnesvegen 2
Heilautomatisk badstove ved fjorden.
Bestill på nett og få tilsendt kode til døra
Saunaen brukar omtrent ein time på å bli varm og må derfor tingast 1 time før timestart. Det er plass til 5-7 personar i Kuben.
Fasilitetar: Elektrisk og vedfyrt sauna, Sjøbad, Utedusj, Kaldkulp
Første gang?
-
Må eg bestilla på førehand?
Ja! Alle timar (felles og private) må forhandsbestillast via nettsida. Drop-in er ikkje tilgjengeleg.Kva bør eg ta med?
Ta med to handklede (eit til å sitje på og eitt til å tørke deg med), vassflaske, og ver klar til bad i sjøen. Eigne fasilitetar for både innandørs omkleding og utandørs dusj. Kan vere ein fordel å bruka badesko når du skal bade.Kvar finn eg garderobe?
Det er ikkje garderobe ved badstova.Kan eg ta med alkohol?
Nei. Det er ikkje tillate med alkohol i badstova.Korleis kjem eg meg hit?
Badstovene er lokalisert ved strandpromenaden i sentrum av Vik.Vatn
Bruk kun ferskvatn på omnen, aldri sjøvatn!Bading
Bading skjer alltid på eige ansvar. Vi kan ikkje garantere noko når det gjeld vasskvaliteten, då denne kan variere etter vêrmessige forhold.Parkering
Offentleg parkering er tilgjengeleg på oppmerka plassar.Kva er avbestillingsreglane?
Privat badstove
Meir enn 24 timar før – full refusjon (minus 75 kr)
Mindre enn 24 timar – inga refusjon
Fellesbadstove
Meir enn 24 timar før – full refusjon (minus 25 kr)
Mindre enn 24 timar før – inga refusjon
Du avbestiller via lenkja i stadfestings-eposten.
Opningstider:
Kvar dag 06:00 - 22:00
Opplevelsar og aktivitetar
Ønskjer verksemda di å betale med faktura? Det går heilt fint, ta kontakt på post@heitvik.no
Hald deg oppdatert på arrangement og aktivitetar på Instagram.
Kort og medlemskap
5/10 Klippekort
650/1100,- NOK
Klippekort - gjeld for fellestimar og aufgusstimar. Kortet er ikkje personleg. Gyldig 6 mnd.
Medlem 30 dager
690,- NOK
Gyldig i 30 dager, gjer deg max 20 besøk og er personleg. Kun 1 billett kan nyttas i kvar time.
Gi ein Heit opplevelse i gåve!
Gåvekort
Valfritt beløp
Gåvekortet er gyldig 1 år. Kan ikkje kombineras med klippekort og månadskort.
Opningstider
Kvar dag
07:00 - 22:00
Følg oss